Jonas Sætre, redaktør i Stord24

Debatt

Vestlandets storbank legg stein til byrden for hardt pressa lokalaviser

«Har Sparebanken Vest i det heile teke reflektert over timinga då denne tenesta vert lansert?», skriv Jonas Sætre.

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • JONAS SÆTRE, redaktør i Stord24

Det er ekstraordinære tider for redaksjonar landet rundt. For ein liten mediebedrift som Stord24 slår koronakrisa kanskje spesielt hardt ut. Som alle andre har me blitt råka av eit skarpt fall i annonseinntektene, samtidig som me opplever rekordhøg trafikk og ein interesse for journalistikken vår som me aldri før har sett.

Det er eit svært krevjande spenn å jobbe i for ein bedrift som tel fire tilsette, og der me har måtta gjort permitteringar.

Me har dei siste vekene jobba enormt hardt for å kunne produsere så god og relevant journalistikk som mogleg med dei få ressursane me har. Det har me gjort for å demme opp for tapte annonsekroner. Hovudmålet har vore å skaffe så mange nye abonnentar som mogleg, og ikkje minst for å forhindre at eksisterande abonnentar seier for å spare pengar i krevjande tidene.

Dette har me lukkast med. Gjennom heile mars hadde me ein fin netto abonnementsvekst som følgje av iherdig jobbing.

Men så kom april. Då begynte det å renne inn epostar frå eit dansk firma som heiter Subaio, med ein "Power of attorney" som vedlegg. Dette firmaer opererer på oppdrag frå Sparebanken Vest, som for nokre veker sidan har lansert ei teneste som gjer det latterleg enkelt for kundane å seie opp abonnement i nettbanken sin.

I desse epostane har det dei siste vekene tikka inn kanselleringar etter kanselleringar. Epostar som våre allereie hardt pressa tilsette må bruke ressursar på å manuelt følgje opp. Plutseleg må me budsjettere for ein nedgang også for brukarinntektene våre.

Det er ingen tvil om at dette er ein svært praktisk og grei teneste å ha for banken sine kundar. Men har Sparebanken Vest i det heile teke reflektert over timinga då denne tenesta vert lansert? Det verkar ikkje slik når ein les korleis banken omtalar denne tenesta.

"Mine abonnement er en tjeneste som gir deg en oversikt over faste abonnenter slik som Spotify, Netflix, HBO. (...) Det kan være vanskelig å vite hvor mye som forsvinner i faste strømmetjenester hver måned."

Det er tydeleg at banken her har multinasjonale strøymetenester i tankane. Norske avisabonnement er ikkje nemnd med eit ord. Banken legg likevel opp til at det skal vere like kjapt å seie opp eit Netflix-abonnement som det å gi slepp på ei lokalavis.

Lanseringa av denne tenesta midt under koronakrisa meiner eg er ganske så umusikalsk, og det viser at Sparebanken Vest ikkje reflekterer over påverknadskraften dei har for små mediebedrifter som aldri har vore meir avhengig av brukarinntekter som no.

Sjølvsagt skal det ikkje vere noko mål å tene pengar på sovande abonnenter som har gløymt at det blir trekt eit månadleg beløp. Men ein ting er å gjere kundane merksame på kva abonnement dei har. Det er ein heilt annan ting å redusere tillitsforholdet mellom ei avis og ein avislesar til eit tastetrykk i nettbanken.

Men heldigvis er jo Sparebanken Vest sitt ansvar bevisst i krisetider. Banken har jo til og med oppretta eit eige koronafond for lag og organisasjonar på 100 millionar kroner.

Då kan ein spør: Kor mykje har denne finansielt robuste institusjonen støtta opp om lokalavisene i løpet av koronakrisa, i form av anonnsekjøp? Absolutt ingenting i Stord24. Slik er nok også situasjonen for dei fleste små lokalaviser i Sparebanken Vest sitt primærdekningsfelt. 

Vestlandsbanken har heller valt å svi av eit stort budsjett på marknadsføring på Facebook dei siste vekene. Sponsa video etter video har oversvømt tusenvis av vestlandske Facebook-feedar dei siste vekene. Sparebanken Vest har utvilsomt lagt igjen eit imponerande annonsebudsjett i løpet av koronakrisa som kjem vestlandet til gode. Men då snakkar me om vestlandet i USA og ikkje i Norge.

Å miste store deler av annonseinntektene, for å så få fleire titals kanselleringar midt i fleisen på få veker... Det kjenst litt som å bli spytta på når ein allereie ligg nede.

Takk for den, Sparebanken Vest.

Powered by Labrador CMS