Heidi Fagna oppfordrer norske journalister til å ringe kvinnelige kilder om økonomi oftere - og de kvinnelige kildene til å «finne sin indre mann».
Heidi Fagna oppfordrer norske journalister til å ringe kvinnelige kilder om økonomi oftere - og de kvinnelige kildene til å «finne sin indre mann». (Foto: Privat og NTB scanpix)

KOMMENTAR

Hei, journalist! Du skal lage ei sak om kommune­økonomi. Kva for ein politikar ringer du?

Kvinnelege politikarar kan også økonomi, skriv Heidi Fagna.

  • HEIDI FAGNA, tidlegare journalist

Det er ganske sannsynleg at du kontaktar ein mann. Med mindre ei kvinne allereie har ein relevant maktposisjon. Det viser fersk forsking frå Austerrike. (Funna vart presenterte på forskarkonferansen ECREA i Sveits 3. november. Den vitskaplege artikkelen om temaet er ikkje publisert enno). 

Forskarane Lore Hayek og Uta Russmann har analysert 11.441 avisartiklar og 503 nyheitsprogram på fjernsyn dei fire siste vekene før dei tre siste parlamentsvala i Austerrike.

Dei fann at kvinnelege politikarar må allereie sitje i ein maktposisjon for å verte intervjua. Kvinnelege politikarar utan ein maktposisjon vart ikkje brukte av austerrikske medium i valkampane. Då ringte journalistane heller menn. 

Og det er jo tullete, all den tid valkampar for dei aller fleste handlar om å skaffe seg ein maktposisjon. Den som aldri dukkar opp i media i valkampen, stiller sjeldan særleg godt på valdagen.

Hayek og Russmann fann også at kvinnelege politikarar så å seie aldri vart brukte som kjelde i saker om såkalla hardare tema (t.d. økonomi og forsvar), samanlikna med mannlege politikarar. Berre på eitt felt fann dei flest kvinnelege politikarkjelder: kultur.

I parlamentet i Austerrike er 31 prosent av representantane kvinner. Dei har aldri hatt kvinneleg kanslar (regjeringssjef). På det norske Stortinget er kvinnedelen 40 prosent.

Eg har ikkje sett liknande studiar frå Noreg. Det hadde vore veldig interessant. Me har hatt fleire kvinnelege toppleiarar, ma. forsvarsminister, finansminister og statsminister. Desse kvinnene har jobba seg opp til topposisjonane, og kan ha knust glastak og vist at kvinnehjernar taklar alle slags tema. Men er det grunn til å tru at kvinnelege politikarar nedover i rekkene vert intervjua oftare i Noreg enn i Austerrike?

Enkelte vil antakelig spørje seg om det spelar nokon rolle om det er en mann eller ei kvinne som får uttale seg om eit tema som t.d. økonomi. Her er mine svar:

  • Det er viktig fordi me ønskjer å ta dei som vil bruke tid på politikk på alvor. Det er viktige verv. Dei fortener såpass mykje respekt.
  • Det er viktig fordi me ønskjer at politikarsamansettinga skal spegle folket. Dei bestemmer på vegne av oss. Halvparten av oss er kvinner.
  • Det er viktig fordi jenter treng å sjå at kvinner kan gjere og klare det dei vil.
  • Det er viktig fordi gutar treng å sjå at kvinner kan gjere og klare det dei vil.

Det er ei kjent sak at menn overvurderer eigne evner. Då hjelper det ingen at journalistane undervurderer kvinnene. 

Den norske mediebransjen har hatt desse problemstillingane oppe jamleg i mange år. Vanlegvis kjem det i form av kronikkar rundt kvinnedagen. Stundom satsar aviser friskt på å berre bruke kvinnelege kjelder denne dagen. Og det er jo fint. Men året har fleire dagar.

Lenker:

 

Her har journalistane makt, og dermed ansvar. Kven ringer du når du treng ein kommentar om kommuneøkonomien? Kva er grunnen til at du ringer nettopp han? Kan du neste gang vurdere å ringe ho?

Og så må sjølvsagt kvinnelege politikarar våge å ta ballen. Finn fram din indre mann når journalisten ringer. Her gjeld det å kvinne seg opp.

Til toppen