Sjefredaktør Gard Steiro i VG under Medieleder 2019 i Bergen onsdag 8. mai 2019. I bakgrunnen: Sven Egil Omdal.
Sjefredaktør Gard Steiro i VG under Medieleder 2019 i Bergen onsdag 8. mai 2019. I bakgrunnen: Sven Egil Omdal. (Foto: Erik Waatland)

VG-sjef Gard Steiro om Giske-saka: – Forbetrings­potensial på nesten alle punkt

VG-saka og kjeldearbeid var tema då «Medieleder 2019»-konferansen diskuterte siteringspraksis onsdag.

– Det har vore ein tung og krevjande månad. Me har gjort feil, og det er alltid tungt. Det har vore tungt for organisasjonen VG – men først og fremst har det vore krevjande for dei som vart ramma av feilen, sa Gard Steiro framføre norske medieleiarar på Hotel Norge i Bergen onsdag føremiddag.

I kjølvatnet av VG si dekning av den mykje omtalte dansevideoen med Trond Giske på Bar Vulkan i februar, har debatten rast om tilliten til norske medier, kjeldehandtering og siteringspraksis.

Norsk Presseforbund gav Sven Egil Omdal i oppgåve å leie eit utval som skal granske mellom anna norske medier sitt kjeldearbeid og sitatpraksis.

Sven Egil Omdal, leder av kildeutvalget til Norsk Presseforbund.
Sven Egil Omdal, leiar av kjeldedeutvalet til Norsk Presseforbund. Foto: Erik Waatland

Onsdag var Steiro debattpanel på konferansen «Medieleder 2019», saman med Omdal og redaktørane Alexandra Beverfjord i Dagbladet og Marit Ulriksen i Rana Blad, kor dei diskuterte nettopp korleis media behandlar kjeldene sine.

– For urutinerte kjelder er det ikkje tvil om at mediene har fått større makt enn før. I kva grad det påverkar truverdet til media er det me skal undersøke no, sa Omdal under diskusjonen.

 

Ikkje skadefryd hos Dagbladet

Kvinna som dansa med Giske på Bar Vulkan i februar, Sofie (27), sto i mars fram og fortalde om sitt møte med VG og korleis ho følte seg feilsitert.

– Det er veldig mykje me skulle gjort annleis. Når me ser det på avstand så ser me forbetringspotensial på nesten alle punkt, sa Steiro om Giske-saka.

Sjefredaktør i Dagbladet, Alexandra Beverfjord, svarte avvisande på spørsmål om dei hadde skadefryd for situasjonen VG har stått i.

– Me er i ein bransje kor alvorlege feil kan skje. Det er utfordrande for VG, heile bransjen og det utfordrar heile tilliten til bransjen. Me hugsar òg korleis NRK si romkvinnesak slo ut, sa Beverfjord.

 

– Ikkje stor skilnad nasjonalt og lokalt

Marit Ulriksen, redaktør i Rana Blad, sa på scena at dei skil mellom profesjonelle og uerfarne kjelder.

– Me har eit bevisst forhold til profesjonelle kjelder og kjelder som aldri har vore i Rana Blad før. Den sistnemnde kategorien let me i blant sjå sakene før me publiserer dei, sa ho.

Ho var òg tydeleg på at «profesjonelle kjelder» ikkje er eit Oslo-fenomen.

– Me ser det hos oss òg. Det er ikkje veldig stor skilnad på nasjonal eller lokalt medier. Me er i forhandlingar og me vert einige om sitat, sa ho.

Møteleder Elin Stueland, Sven Egil Omdal (NP), Gard Steiro (VG), Alexandra Beverfjord (Dagbladet) og Marit Ulriksen (Rana Blad).
Møteleiar Elin Stueland, Sven Egil Omdal (NP), Gard Steiro (VG), Alexandra Beverfjord (Dagbladet) og Marit Ulriksen (Rana Blad). Foto: Erik Waatland

– Profesjonaliserte kjelder med pressekontaktar og vern ser me i lokalsamfunnet òg, la ho til.

 

Maktforholdet

Til ordstyrar Elin Stueland sa Omdal innleiingsvis at pressa har fått både meir og mindre makt overfor kjeldene.

– For urutinerte kjelder er det ikkje tvil om at mediene har fått større makt enn før. I kva grad det påverkar truverdet til media er det me skal undersøke, sa han.

– Men dei mektige kjeldene har fått meir makt overfor pressa, la han til.

Beverfjord i Dagbladet fortalde om avisa sine metodar for å unngå å låse seg fast i førehandsbestemte vinklingar.

– Det er ein risiko for at det kan skje. Difor set me inn tiltak for å unngå å hamne i slike situasjonar. No jobbar me aktivt for å heile tida utfordre veikskapar i saker me jobbar med. Me må utfordre vårt eige narrativ. Det er mange verktøy me brukar for å få til det, som å til dømes peike ut ein «Djevelens advokat», der vedkommande får som jobb å finne motstand og veikskapar i vinklingane.

Til toppen