VG-reporter Espen Breivik i intervju med komiker som lèt som han er Dag Inge Ulstein (KrF).
VG-reporter Espen Breivik i intervju med komiker som lèt som han er Dag Inge Ulstein (KrF).

VGTV rundlurt av satirikar – intervjua «falsk» statsråd: – Veldig flaut

Då VG skulle intervjue Dag Inge Ulstein (KrF) utanfor Utanriksdepartementet, hanka dei inn ein som lèt som han var KrF-politikaren.

Då den tidlegare finansbyråden i Bergen, Dag Inge Ulstein, skulle nemnast opp som ny utviklingsminister tysdag sto VGTV utanfor Utenriksdepartementet og venta på intervju.

Plutseleg dukka det opp ein velfrisert mann i mørk dress, KrF-button og rosebukett – omringa av NRK-journalistar.

Den «ekte» Dag Inge Ulstein (KrF). Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

 

Stussa på dialekta

Då bestemte VGTV-reporter Espen Breivik seg – på direktesendt tv – for å ta tak i mannen, som viste seg å vere ein komikar frå NRK Satiriks, Thomas Teige.

Til Medier24 seier Breivik med eit smil:

– Veldig flaut, men òg genialt av Satiriks. Dei øydelegg for oss, men dei lagar sikkert veldig god humor. Satire heiar eg fram, sjølv om nokre vert latterleggjort.

Han seier vidare at han har gjort fleire intervju med Ulstein ved tidlegare høver, spesielt under Krf-dramatikken i haust, og vart overraska då han høyrde bergensdialekta til «Ulstein».

– Sånn umiddelbart så hugsar eg at eg stussa litt, fordi dette er ein fyr eg har intervjua fleire gongar tidlegare. Det første eg stussa over var at han snakka kav bergensdialekt – eg var sikker på at han snakka sunnmørsk – men elles var håret og utsjånaden heilt lik, seier Breivik.

 

– Forvirra departementet òg

Breivik byrja etter kvart å lure på om det var ein statssekretær eller ein rådgjevar han hadde fått intervju med.

Politisk journalist i VG, Espen Breivik.
Politisk journalist i VG, Espen Breivik. Foto: Ole Alexander Saue

– Me stussa òg på at han ikkje gjekk inn i Utanriksdepartementet. Fleire rådgjevarar utanfor UD verka òg litt forvirra. Folk i departementet såg òg ut til å ha blitt lurt, seier Breivik.

Det var då folk byrja å stille spørsmål om kven det var han hadde intervjua at Breivik forstod han hadde blitt lurt.

– Det var då eg skjønte det. Etter kvart kom eg jo på at eg har sett han i 5080 Nyhetskanalen, legg han til.

Opptrinnet tysdag er tredje gang på ei veke at norske journalistar får «gjennomgå» av Satiriks-redaksjonen, som lagar programmet «Satiriks på ekte». Torsdag var det TV 2-reporter Finn-Ove Hågensen som vart avbrutt av ein stor gjeng satire-reporterar, medan Dagsnytt 18-programleiar Espen Aas måndag måtte kaste ut komiker Yousef Hadaoui frå studio.

Det har ikkje lukkast Medier24 å få ein kommentar frå NRK Satiriks.

Til toppen